onsdag 26. november 2008

Er Jesus ein gud eller eit menneske?

Jesus blir i Bibelen omtala som Guds son. Han vart fødd av jomfru Maria, og Josef var som kjent ikkje far hans. I Bibelen blir Jesus omtala som eit fysisk menneske som var lik alle andre menneske. Men Jesus var og heilt forskjellig frå alle dei andre menneska. Han utretta blant anna fleire under. Dette, i tillegg til det med Guds son, gjer at vi kan kalle Jesus for ein slags gud, eller noko i nærheita av ein gud. Jesus tok og på seg skulda for alle syndene til menneska på jorda. I dette tilfelle kan ein tolke Jesus som ein av oss menneske, og ikkje Gud. Mi oppfatning av kven Jesus er, er at han var Gud i menneskeskikkelse. Han var verken 100% Gud eller 100% menneske, men ei blanding. Spørsmålet om Jesus er ein gud eller eit menneske er det sikkert fleire svar på, men eg meiner at Jesus som sagt var ei slags blanding av Gud om eit heilt vanleg menneske.