mandag 8. desember 2008

Kor mange tilhengjarar har kristendommen på verdsbasis?


Den kristne kyrkja kan som kjent delast inn i ulike retningar. Den protestantiske kyrkja er ein av tre hovudretningar, og har stor utbreiing i blant anna Nord-Vest Europa. Den ortodokse kyrkja er ei anna av desse hovudretningane, og har si store utbreiing i Russland, Kviterussland, Ukraina og sørover mot Hellas. Den største av dei tre hovudretningane er den katolske kyrkja. Den har mest tilhengjarar i Sør-Europa, i tillegg til "hovudkvarteret" i Vatikanstaten i Roma. Den katolske kyrkja hadde i 2006 ca 1 131 000 tilhengjarar. Desse tre hovudretningane har svært mange under-retningar. På verdsbasis har kristendommen (protestantisme, den ortodokse- og den katolske kyrkja) ca 2 milliardar tilhengjarar, og blir med det den største religionen i verda. Islam kjem etter med mellom 1,3 og 1,7 milliardar. Hinduismen kjem på tredjeplass med sine 900 millionar tilhengjarar.