mandag 27. oktober 2008

Kva er karma?

I buddhismen trur ein på gjenfødelse. Etter at dette livet sluttar, begynner ein eit nytt liv som eit anna menneske, dyr osv. Karmaen er det som "bestemmer" korleis det vil gå med deg i det neste livet. Karma tyder gjerning. Alt ein gjer påverkar karmaen. Anten på ein positiv eller negativ måte. Har ein i det forige livet hatt god karma, altså ikkje synda som ein ville sagt det om kristendomen, hadde det nye livet blitt eit godt liv. Har ein derimot gjort, tenkt eller sagt dårlege ting i det forige livet kan ein i verste fall bli gjenfødd som eit dyr. Å ha god karma er derfor svært viktig for hinduar og buddhistar, sidan ein då "sikrar" seg ein god tilverelse i det neste livet. Men målet til buddhistane er likevel å komme seg ut av denne gjenfødelsessirkelen, altså å oppnå nirvana.

Er Buddha ein gud?

Mange trur at Buddha er guden i buddhismen. Dette er ein svært vanleg feiloppfatning. Buddha var nemleg ingen gud. Han heitte eigentlieg Siddhartha. Då han var 35 år skjedde det ei hending i livet hans som er grunnen til statusen og posisjonen han har i buddhismen. Siddhartha oppnådde nirvana gjennom meditasjon. I buddhismen trur ein på gjenfødelse. Når vi dør blir vi igjenfødd som eit nytt levande vesen. Nirvana er den ultimate tilstanden. Då kjem ein ut av dette sjelevandringsystemet. Siddhartha var derfor eit heilt vanleg menneske, berre at han klarte å oppnå denne ultimate sinnstilstanden. På grunn av dette fekk han namnet Buddha som tyder "den opplyste/oppvakna". Buddah hadde ingen overnaturlege krefter eller liknande. I buddhismen er Buddha den viktigaste personen på grunn av det han klarte å oppnå. Derfor tilber buddhistane Buddha nærast som om han var ein gud på linje med Allah eller Gud frå islam og kristendomen. Men Buddha sine tilhengjarar ser ikkje på han som ein gud. Dei ser på han som eit unikt og eineståande vesen som fekk ein unik innsikt. Men som sagt, Buddha er ikkje ein gud...