mandag 27. oktober 2008

Kva er karma?

I buddhismen trur ein på gjenfødelse. Etter at dette livet sluttar, begynner ein eit nytt liv som eit anna menneske, dyr osv. Karmaen er det som "bestemmer" korleis det vil gå med deg i det neste livet. Karma tyder gjerning. Alt ein gjer påverkar karmaen. Anten på ein positiv eller negativ måte. Har ein i det forige livet hatt god karma, altså ikkje synda som ein ville sagt det om kristendomen, hadde det nye livet blitt eit godt liv. Har ein derimot gjort, tenkt eller sagt dårlege ting i det forige livet kan ein i verste fall bli gjenfødd som eit dyr. Å ha god karma er derfor svært viktig for hinduar og buddhistar, sidan ein då "sikrar" seg ein god tilverelse i det neste livet. Men målet til buddhistane er likevel å komme seg ut av denne gjenfødelsessirkelen, altså å oppnå nirvana.

Ingen kommentarer: