torsdag 19. mars 2009

Uthengt på nettet

I saka om Facebook er ei stad for gatejustis er det mange sterke meiningar. Er Facebook blitt ein stad der ein utan konsekvensar kan henge ut folkegrupper, selskap og ikkje minst enkeltpersonar? I saka om Stavanger Taxi og åtvaringa mot ein bestemt taxi og taxisjåfør, synest eg det blir litt feil å dra dette så langt så å opprette ei gruppe som bestemt heng ut sjåføren. Skal ein tenke i ein pliktetisk retning har ein gjerne plikt til å melde frå om ein har blitt trakassert, dårleg behandla eller liknande hendingar. Over 2400 menneske melde seg inn i gruppa som åtvara mot taxien. Eg har ein sterk tvil om at alle desse menneska har vore ”offer” for taxisjåføren sine kommentarar eller liknande. Mesteparten av medlemmene har nok heller noko i mot Stavanger Taxi som selskap enn den bestemte taxien. Då synest eg det blir feil å melde seg inn i ei slik grupper. Viss ein føler at ein har plikt til å melde i frå om ei hending, bør ein gjere det, men på den rette måten. I dette tilfelle meiner eg at Stavanger Taxi burde blitt kontakta. Hadde ikkje dette fått følgjer kunne ein gått til politiet.
Noko eg meiner er viktig å tenke på når ein opprettar ei slik gruppe er kva konsekvensar ein vil at det skal bli. Eg trur at grunnleggarane av gruppa og medlemmene, meiner at handlingane til taxisjåføren skal få konsekvensar for sjåføren personleg, men og at andre folk skal unngå å bruke denne taxien. Gruppa gjer nok at det blir konsekvensar for sjåføren, men etter mi meining på feil måte. Her blir berre sjåføren hengt ut på nettet som ein frekk og stygg person. Personen får eit stempel i staden for ein bot, dom eller liknande.
Kritisering og uthenging av taxisjåføren på denne måten meiner eg blir useriøst og lite gjennomtenkt. Ei slik gruppe blir berre ein stad for personar å få ut aggresjon mot Stavanger Taxi som selskap og ikkje nødvendigvis mot sjåføren. Ein burde då heller opprette ei gruppe som kritiserer ST som selskap, der ein kan dele meiningar og erfaringar, i motsetnad til å henge ut og stemple ein bestemt person. Etter mi meining blir dette etisk feil.

Ingen kommentarer: