Det er mange religiøse her i verda. Kvinner og menn, gamle og unge. På verdsbasis trur eg fordelinga av antall religiøse er nokså lik 50-50. Men om kvinnene er meir religiøse enn menn er eit litt meir vrient spørsmål å svara på... Eg trur kvinner er litt meir religiøse en den gjennomsnittlege, religiøse mannen, men dette kjem igjen ann på kva religion og kultur dei religiøse høyrer til. Tenker me på kvinne-mann-rollene opp gjennom tidene ser me klart at mannen har mykje meir makt enn kvinna og kan lettare gjere som han vil. Kvinna har gått heime og stelt med hus og heim, mens mannen har vore sjefen i huset. Dette kan jo ha ført til at kvinnene har hatt meir behov for noko meir å trur på eller søke støtte og trøst hos. Men dette er berre frie spekulasjonar. I motsetnad til dette trur eg at i meir ekstremistiske (kanskje fanatiske) religion-kulturar er det mannfolka som er mest religiøse. Dette trur eg er spesielt i til dømes islam. Denne førestillinga er godt mogleg eg har fått frå media, der me stadig høyrer om sjølvmordsaksjonar, strenge levereglar, kvinnesyn og politikk og religion i ei blanding.
Eg trur det blir svært, svært vanskeleg å seie om kvinner er meir religiøse enn menn, eller omvendt. Skulle me sette igang ein spørreundersøkelse om kor religiøse folk er med ein skala frå 1-10. Det hadde vel blitt litt vanskeleg. Kor religiøse kvinner og menn er i forhold til kvarandre trur eg har mest å seie om kva aldersgruppe, sosialt miljø og ikkje minst kva religion personen høyrer til. Utan om dette trur eg spørsmålet blir mykje spekuleringar og meiningar.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar