tirsdag 23. september 2008
Kvifor heiter det islam og ikkje muhammedanisme?
Mange religionar har som vi veit fått oppkalla religionen etter ein viktig person. Buddha i buddhismen og Jesus Kristus i kristendomen. Namnet Islam fortel oss ingenting om kva personar eller gudar som fins i denne religionen. Men profeten Muhammad er ingen gud i Islam. Muhammad var ein heilt vanleg person, utan guddommelege krefter og evner. Han kunne ikkje helbrede folk eller redde verda. Men når Muhammadvar rundt 40 år fekk han ei openbaring frå Gud gjennom engelen Jibril. Desse openbaringane blei skrivne ned og blei seinare til det vi kjenner som Koranen. Samanliknar me Muhammad med Jesus, ser me ein klar forskjell. Jesus var Guds son, halvt menneske, halvt Gud. Han var Gud i menneskeform. Muhammad var ein heilt vanleg mann heile livet sitt. Det var aldri noko guddommeleg med han. Men sjølv om ikkje Muhammad er ein gud i Islam har han ein hellig person med ein svært sentral plass i religionen. Det er Allah som er guden i Islam og ikkje Muhammad.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Bra innlegg! Du får godt frem poengene om at muhammed ikke er en gud, og at muslimene bare kan tilbe èn, Allah.
Legg inn en kommentar